VERDA, KUNSTEN OG TEORIEN
av Kurt Johannessen

Sidan Duchamp stilte ut sin berømte pissoar er det meste blitt muleg. Pissoaret revolusjonerte kunsten enten ein likar det eller ikkje. Då det vart stilt ut, var det ein genuin ny tanke om form og innhald. Nettopp denne presise komposisjonen av form og innhald gjorde dette arbeidet så stort og nytenkande. Om det var eit pissoar som måtte til, får så vere - kunstverket blir ikkje mindre viktig av den grunn. Duchamp sette fokus på både innhald, form og produksjon av kunst. All kunst er komposisjon av form og innhald. Konseptkunst utan form eksisterer ikkje av den enkle grunn at alt faktisk må ha ei form. Samstundes kan ein godt prøve å påstå at ein berre arbeider med form, men i den augneblinken ein seier det, så er jo konseptet på plass.
Som eg skjønar av den siste tidas debatt er det konsept som er gjeldande no. Ja vel, men for meg som utøvande kunstnar er problemstillinga irrelevant. Eg ser nytten av å teoretisere og forstå kunst. Det er som ein bieffekt. Etter som tida går forstår ein meir og meir av kva ein driv med, enten ein vil eller ikkje. Medvit og kunnskap er ein god ting til sitt bruk, men eg er usikker på korleis ein kan nytta det i kreative prosessar. Om ein skal finne noko nytt, er det kanskje meir viktig å prøve gløyme det som er, enn å prøve å finne riktige svar i høve til noko som er tenkt.
Det er nokre ulikhetar mellom kunst og teori om kunst. Det eine er plassering i tida. Teorien og diskusjonen omkring kunst kjem etter kunsten. Hadde ikkje Duchamp tatt pissoaret inn i kunsten, hadde ikkje diskusjonen omkring kunsten blitt påverka av det. Teorien krev i tillegg mykje tid. Det tar tid å forstå, medan det å vere i kunsten er ein umiddelbar prosess som ikkje handlar om å forstå. Dette er ein av grunnane til at mange kunstnarar har vanskeleg med å forklåre det ein arbeider med, nettopp det at ein er i kunsten, i prosessen, ein har ikkje ord på det enno. Ein er i ferd med å erfare det. Ein veit ikkje kva ein gjer når ein gjer det. Å vere i kunsten er ein intuitiv og ubevisst prosess, medan teorien og diskusjonen hendvender seg til intellektet. Medvit om kunsten kjem seinare. Medvit tar tid, både for kunstnaren og dei som ynskjer forstå kunst intellektuelt. Diskusjon om kunst kan hjelpe kunstnarar og andre å forstå kunsten og sjå kunsten i høve til samtida. Vi forstår kunst betre på eit intellektuelt nivå, men gjer det oss til betre kunstnarar? Gjer det oss i stand til å lage betre kunst? Gjer det oss i stand til å sanse kunst betre?
I høve til kunstutdanning er det viktig å vere klår over denne forskjellen. Skal kunsthøgskulane utdanne kunstnarar, eller personar som har god greie på kunst? Kanskje til og med kunnskap om kunst kan vere til hinder for ein skapande prosess? Kan det å vite for mykje om det som har vore, hindre intuitive prosessar?
Eg såg nyleg ein dokumentarfilm om filmkunstnaren David Lynch. Det var fantastisk å sjå han inni sitt eige prosjekt. Dokumentarfilmen var laga medan han arbeida med sin siste film. Innspelinga var i gong, og han visste tydelegvis ikkje korleis filmen skulle slutte. Han stolte på at det kom undervegs. Han arbeida intuitivt, snakka om kreativitet og rota rundt som ein bortkomen vaktmeister på ein nedlagt fabrikk i Polen. Han hadde blant anna ein telefonsamtale med Jeremy Irons, der han skulle forklåre ei scene han ville ha Irons med i. Det var nesten uråd å skjøne kva scena gjekk ut på, då han forklarte det til Irons. Det kom nokre ord ut av munnen til Lynch, men det var vanskeleg å sjå føre seg kva han tenkte, sjølv om eg kjenner Lynch sine filmar relativt godt. Det heile verka utruleg klossete. Dette er nettopp på grunn av Lynch sitt nærver i arbeidet. Han er inni kunsten. På eit vis er det noko i han som veit kva han gjer utan at han sjølv er heilt klår over det enno. I alle fall har han nokre problem med å sette ord på det. Jeremy Irons var sjølvsagt med på reisa.
Eg høyrde og om ei anna sak som gjeld grundarar i næringslivet. Det viser seg at mange av dei ikkje har høg utdanning, noko som umiddelbart verkar underleg. Skal ein ta sjansar i næringslivet, ser det ut for at det er viktig å IKKJE vite korleis ein skal gjere det. Veit ein det, tar ein ikkje dei sjansane som skal til.
Det er og nettopp det umiddelbare og uventa med samtidskunst som gjer den ufordrande, vanskeleg og interessant. Di mindre den heng fast i fortida dess betre er det. I ein kronikk i BT i 2005 fortalde Per Boye Hansen om kunsten som noko som konfronterte og utfordra kulturen. Kunsten var ikkje ein del av kulturen, men kjem mot den og utfordrar den. Kulturen heng fast i fortida. Kunsten bryt grenser nettopp når den klarer å rive seg laus frå fortida og gå inn i nye ukjente rom. Ta sjansar, vere usikker, ikkje vite.
Den franske filosofen Henri Bergson såg på intellektet som ein observatør til det den erkjenner, medan intuisjonen trenger inn i det den erkjenner, i ein uoppdeleleg kreativ prosess. Intuisjonen har ein umiddelbar og ikkje begrepmessig karakter. Intellektet måler tida og lager symbol for å forstå verda. Ein bruksanvising, eller eit kart om ein vil. Intellektet analyserer, sorterer og deler opp. Intellektet kan derfor heller aldri sanse det heile, men berre dei ulike symbola og delane, i følgje Bergson. Intellektet har avgrensing. Intuisjonen har inga avgrensing.
På same vis som kunsten blir skapt gjennom intuitive prosessar, kan ein oppleve verda og kunsten intuitivt. Å forstå er basert på den intellektuelle energien og den tar som sagt tid. Medvit tar tid.
Verda er rett og slett for kompleks til at vi kan forstå alt ved den. Både innan vitskapen, filosofien og tenkinga er det blitt klart at verda ikkje kan fangast i tankens eller språkets nett. Vi kan ikkje konstruere symbol og formlar som kan beskrive alt. Eit slikt kart er umogeleg, heldigvis. Om kartet skal beskrive verda, må kartet bli verda. Med denne erkjenninga kan ein slappe litt av og tenke at ein ikkje treng å skjøne alt eller få forklart alt. Ein kan heller bruke tid på å vere i verda og gløyme kartet, gløyme vegleiinga, våge å ikkje heilt vite kvar ein er. Ta ein titt på månen eller sitte rundt eit bål ute, kjenne at det er ok, utan at ein kjenner trong til å forklåre for seg sjølv kvifor det er ok.
Då kan ein blant anna møte kunsten intuitivt. I beste fall skjønar ein lite ved fyrste møte, men ein blir kanskje rørt ved på eit eller anna vis. Blir ein gripen, vil ei djupare forståing kome naturleg etterkvart. Det er farlig om kunsten berre blir noko elitistisk som ein må lese seg til for å kunne sanse. Sanseapparata våre er meir komplekse enn så. Om ein trur ein må skjøne alt, har ikkje fått med seg mykje. På den andre sida treng ein som kunstnar sjølvsagt ikkje male blomsterenger eller pingvinar for å kommunisere. Kunst kan vere sanseleg utan at den treng vere platt og forutseieleg. Kunst kan vere kompleks og ha djupner utan at den treng vere teoretisk basert. Kunst kan vere utfordrande utan å vere provoserande. Det er mange vegar i kunsten som enno ikkje er gått. Garantert. Stol på meg, eg veit ikkje kva eg gjer.