Nasefenomenet og andre hendingar


Det hadde vore ein tøff dag på jobben. Sola hadde steikt heile dagen, så ho hadde lenge lengta etter å komme seg ut. No var ho omsider i parken, og ho kunne slappe av. Ho hadde nettopp kjøpt seg ein stor softis, då ein gut på rulleskøyter kom mot henne. Han dulta til henne slik at softisen flaug ein meter opp i lufta. Akkurat i det isen nådde sitt toppunkt, fekk ho igjen augnekontakt med den. Ho vart då klar over situasjonen.

 

I år 4133 oppdaga menneska ein ny komponent i hjernen. Det var uklårt om det var ein del av hjernen som hadde vore der i all tid, eller om det var evolusjonen som hadde utvikla denne komponenten. Det tok mange år før forskarane skjøna eigenskapane til nyoppdaginga. Då dei omsider avdekka mysteriet, var alle forundra over at dei ikkje hadde skjøna samanhengane tidlegare.

 


Han hadde denne spesialjobben i politiet. Det innebar arbeid med dei hardaste valdsbrotsverk, ofte mord. Han var den første som gjekk inn i rom der valdelege kriminelle handlingar var begått. Den siste tida hadde brutaliteten og intensiviteten auka. Nesten dagleg entra han nye rom der desse destruktive kreftene hadde utspela seg. Utruleg nok verka det ikkje som arbeidet hans hadde noko negativ inverknad på han. Privat var han den same som tidlegare. Han var gift, hadde to born, og levde eit roleg familieliv. Då han kom til ein åstad for eit brotsverk, vart han alltid møtt av nokre politimenn og personen som oppdaga gjerningane. Dei siste metrane før han entra rommet, hadde han augekontakt med denne personen. Han sa aldri noko, berre gjekk mot døra som vart åpna av ein politimann. Det var som han ikkje høyrde noko, og tida gjekk på eit vis saktare. Han var alltid åleine i rommet, alle andre måtte vente til han kom ut att. Det kunne ofte ta ein time. Det var ingen som visste kva som gjekk føre seg i rommet medan han var der. Han visste det ikkje sjølv heller.

 

Den vesle guten kom inn akkurat i det sveiseapparatet starta. Han fekk gnistregnet i andletet, og med det store skader på augene. Han måtte gjennom ei rekkje kompliserte operasjonar. Det var uvisst om han fekk behalda synet, men etter ei tid, kunne ikkje testane påvise niko varige mein. Eitt år seinare var familien på ferie på Kreta. Etter nokre få dagar kom det ei hetebølge av dimensjonar.Då byrja det hende noko med synet til guten. Det han såg løyste seg gradvis opp. Fargane vart svakare, og etter kvart var det som om det vart hol i verda. I byrjinga kom det berre eit gult lys i hola, men etter kvart vart det meir nyansert. Det var ein komposisjon av fargar som endra seg ustanseleg. Den kjente verda vart viska ut, og bak der var det ei anna verd. Etter 7 dagar såg han ikkje noko anna enn denne nye verda. Her var fargane intense og altoppslukande. Det var ingen ting som minna om den gamle verda. Langt borte kunne han høyre nokon som ropte på han. Til slutt vart alt stille.

 

Ei rekkje astronomar arbeidde med å finne nye stjerner. No hadde dei nyleg fått eit nytt teleskop som var kraftigare og meir presist enn det dei hadde hatt tidlegare. Astronomane fann då umiddelbart nye stjerner. Dei pressa teleskopet til det maksimale for å sjå kor langt bort dei kunne nå. Dei tok ei rekkje bilete. På nokre av desse var det ei linje, som om nokon hadde teikna ein strek der. Dei avfotograferte alle dei områda der linja var. Dei la så alle fotografia ut over golvet, slik at dei kunne sjå heile teikninga.