frå Møte

Støvets komposisjon
møter punktet mellom vitskap og religion.

Tusen såpebobler
møter det uforklårlege.

Hjernekirurgen sitt umedvitne
møter lagnadens dilemma.

Konstruktive diskusjoner med djevelen
møter den omvende pust.

Gud sin eigentlege plan møter
ikkje det blinde, men det motsette av syn.

Det at ein ikkje søker hjelp frå elefantar i spørsmål på det mentale planet,
møter spørsmålet om alt er på veg tilbake til utgangspunktet,
eller om alt er på veg bort frå utgangspunktet.

Den uendelege dekonstruksjonen
av tankens fornemming av fridom
møter kvalens song.

Det undermedvitne sin konstruksjon av Gud
møter Gud sin konstruksjon av det undermedvitne.

Oppvakningsaugneblinken møter
volumet og betydninga av det som ikkje er.

Fjellet sin plan møter
vitskapen sitt bakhald.

Dei til no ukjende grunnar for intellektet si bråe kursendring møter
lyden av sommarfuglvengeslag.

Eplet si ufrivillige skuldkjensle møter valet.